Her er bra oppmøte i år. 26 har levert tips; det kjem kanskje tips frå ein til.
Tyskland er ikkje uventa den største favoritten (13 tipparar). Mange har òg tru på Frankrike, medan det er meir overraskande at heile tre personar har tru på at England vinn eit internasjonalt fotballmeisterskap. Alle desse tre kjem rett nok frå den lettare isolerte bygda Evanger, men likevel.
Her er mange gamle og mange nye tråvarar. Kortversjonen er at her er minst tre prisløna forfattarar, minst tre med doktorgrad, éin tidlegare leiar i Noregs Mållag, éin person som er oppattkalla etter ein tidlegare OL-vinnar, fire-fem mindreårige, og éi levande legende frå det illegale pizzamiljøet på Møhlenpris. Og nokre fleire.
Nokre tipparar bør få god omtale alt no:
Torunn slit litt med elementær datakunnskap, og greidde ikkje å levera digitalt. I staden mobilfotograferte ho arket med tips på, sende det til Marit, som sende det vidare til meg. Eg legg ved biletet her; alle ser jo at dette er kontrollert og god tipping. Ho har rett nok ikkje greidd å tippa vinnar eller finalist eller toppskårar, men det kjem nok. Kanskje det står på baksida av arket.
Erling deler hus og heim med Torunn. Han kan litt data, men ikkje Excel, så han leverte ei Word-fil med nokre datoar og resultat.
Ragnar (som kan verta den 27. deltakaren) fann diverre ikkje att tippeskjemaet etter at han hadde fylt det ut, så han la ved skjemaet frå VM-tippinga i 2014 i staden.
Mari er éi av mange som har eit namn som tek til med Mar-, og var éi av fleire som måtte ha minst to forsøk før dei greidde å tippa alle kampane, men akkurat her bør ho nemnast av di ho har tippa Miroslav Klose som toppskårar. Nokre av oss fekk med seg at han la opp som landslagsspelar etter VM i 2014.